Familien Svane

Dei kjem elegant glidande innover. Som seglskuter.
Del på Facebook

Av Jarl Wåge

Eg la merke til dei med ein gong eg flytta inn i Siriskjeret. Herr og Fru Svane. Eg kjende dei ikkje den gongen. Men snart var vi på nikk. Etter kvart fann eg ut at han heiter Svanung. Ho heiter Svanhild. Vi er naboar, og dei er faktisk dei einaste eg kjenner i nabolaget. Etter seks år i dette fabelaktige området kjenner eg rett og slett ingen her. Ikkje ein gong i dei trettiåtte leilighetene i blokka der eg bur.

Dei kjem hit kvar dag. Eg har utsikt til parken der dei for det meste oppheld seg, og til kanalen der dei elegant kjem glidande innover. Som seglskuter. Om kvelden dreg dei sin veg. Dei pendlar.

Kvar dei kjem ifrå og reiser til, anar eg ikkje. Dei vil vel ha fred om kveldane og natta.

Svaner held saman heile livet. Dei er monogame og trufaste.

– At dei aldri blei leie av kvarandre, tenkjer eg. – Der den eine er, kan du vere sikker på at den andre er òg».

Dei er nesten som synkronsymjarar. Når dei eine pussar fjærene, gjer den andre det òg. Leitar ei av dei opp ein sølepytt for å drikke, følgjer den andre med. Vil den eine symje i kanalen, er det ikkje nei i den andre sitt nebb. Eg har til og med sett dei ha seg med kvarandre mitt i alle sitt påsyn. Svanedansen forut, parringdansen, er vakker og elegant. Som ballett. Inn imellom formar halsane deira eit hjarte.

Eg må bryte saman og tilstå at eg er litt redd dei. Spesielt Svanung. Han kan vere ganske så hissig. Det er tydeleg å sjå når humøret ikkje er heilt på topp. Då bles han seg opp og legg hovudet ned mot halsen. Det er spesielt svaneinntrengjarar som får han i elendig humør. Dette er hans og Svanhild sitt revir. Andre får pinadø halde seg unna. Han går etter dei ubudne gjestane. Fortare og fortare. Jagar dei ut i kanalen. Tykkjer han dei er for treige til å komme seg unna, fer han etter dei ut i vatnet. Om det er nødvendig, tar han til vengjene og jagar dei til huttaheiti.

Av og til er Svanung her åleine. I opptil tre veker. I fjor la eg spesielt merke til det. Ein dag sto han utanfor nabobygget og hakka med nebbet mot ei speilglasrute. Han såg sitt eige speilbilde. Eg hadde så vondt av han. Var han blitt enkjemann?  Var Svanhild død? Var det eit desperat forsøk på å finne seg ein ny partnar?

Nokre dagar etter, kom han og Svanhild stolt seglande innover kanalen. Med to ungar mellom seg. Den eine ungen forsvann, forresten. Kanskje eit rovdyr tok han? Den andre fekk vi sjå utvikle seg på H. C. Andersen-vis frå grått dun-nyste til full, kvit seglføring.

I år kom dei forsyne meg svømmande på lang rekkje med fem ungar mellom seg. Svanung er forresten ikkje nådig når han er småbarnsfar. Då jagar han også menneskje som kjem dei for nære. Eg passar på å gå omvegar når han er i det lunet.

Myten vil ha det til at det er noko som heiter svanesang. At svaner er stumme heile livet, men at dei, rett før dei dør, utstøter eit skingrande skrik. Eg skreiv ein gong eit dikt som heiter Svanesang. Det er sånn:

svanesang

ein dag
skal min svanesang
dikta og tonesett
av sjølve livet
skjære seg gjennom kveldsstilla
i eit skingrande crescendo

men bi eit lite bel
enno er ikkje
siste verselinjene ferdigdikta

Om ornitologar skulle lese det eg skriv, vil dei fort oppdage at eg ikkje veit noko sers om svaner. Men at dei er fascinerande skapningar, er det ingen tvil om. Og dei er krydder i kvardagen for oss som er så heldige å få bu i Siriskjeret.

I år kom dei forsyne meg svømmande på lang rekkje med fem ungar mellom seg.