Ein park og politikarar med vyer

– Fleire og fleire byar har fått auga opp for kor viktig det er å opne opp mot fjord og hav, mener Jarl Wåge som også har tatt det fine bildet.
Del på Facebook

Tekst og foto: Jarl Wåge.

Fleire og fleire byar har fått auga opp for kor viktig det er å opne opp mot fjord og hav. Dette har dei til dømes hatt stor suksess med i «fjordbyen» Oslo. Stavanger er også ein fjordby. Menge stader er det ope ut mot fjorden. Til glede for alle. I Stavanger Øst skal det utviklast ein park som skal ligge langs vatn.

Det er noko som skurrar

Ein park er ei gåve til alle innbyggjarane i Stavanger. Men det er noko som skurrar. Ytterste delen av Siriskjeret, den som vender ut mot fjord og blånande fjell på andre sida, er ikkje med på planteikningane. Er han med, er han kvit. Ein slik kvit flekk ein kunne finne mange av på gamle kart og som fortalde at det var uutforska område.

Denne delen av Siriskjeret er ikkje uutforska. Forklaringa er at den ikkje er tenkt å vere ein del av parken. Andre planteikningar viser nemleg at det er planlagt blokker der!

Nærsynte politikarar

Eg spør meg stadig: «Korleis er det muleg at politikarar og utbyggjarar i det heile tatt har tenkt tanken om at blokker er det denne tomta treng?» At det truleg blir noko av desse planane, gjer meg opprørt og nedstemt. Eg nektar nesten å tru at våre folkevalde kan godta det. At dei ikkje er meir vidsynte (sic). Har dei verkeleg tenkt å servere sjølvaste indrefileten i Stavanger Øst til pengesterke utbyggjarar i staden for til byens innbyggjarar?

Bystyret har snudd i ei sak om hotellutbyggjing i Stavanger Øst. Der var det to ikkje spesielt verneverdige trehus som plutseleg skulle vernast. Så hotellplanane må leggjast på is.

Det ser ut som om Høgre har snudd når det gjeld blokker på Siriskjeret. Kan Bystyret snu på grunn av eit par trehus, kor mykje viktigare er det ikkje å gjere det på Siriskjeret?

Ein oase for titusenvis av siddisar

«Er det så farleg?» spør du kanskje. Siriskjeret-parken kjem til å bli flott, kul, morosam, fantasi­full. Ein oase for titusenvis av siddisar i generasjonar framover. Greia er at parken kan bli Noregs flottaste, kulaste, mest morosame, mest fantasifulle oase. Om politikarane våre tenkjer litt større. Så stort at dei inkluderer heile området i parken.

Med blokker der vil parken ha utsikt rett inn i høge mursteinsveggar i staden for fjord, båtliv, spektakulære soloppgangar og rosalilla kveldar. Blokkene vil vere enda eit stengsel mellom menneskje og fjord. Stengsel det er så altfor mange av i Stavanger. Blant anna vil dei ta bort ei aldeles praktfull utsikt frå Lervig Sykehjem, hundrevis av bustader og titusenvis av brukarar av parken.

Ein fjord av mulegheiter

Det gjer meg opprørt og nedstemt å tenkje på kva parken kunne ha fått som nabo i staden for upersonlege blokker. Stavanger treng eit sjøbad til. Her ligg det til rette for å lage eitt etter modell av Sørenga i Oslo der det myldrar av folk. Eit Sørenga i miniatyr med diger trebrygge og stupebrett der ungdom kan henge på varme dagar. Innanfor vil det vere plass til enda fleire tilbod. Eit gigantisk klatreapparat, ein ettetasjes serveringsplass med svære vindu ut mot fjorden, ein paviljong, ein frukthage. Berre fantasien set grenser.

Eg kjenner ikkje godt til kommunale prosedyrer. Kanskje er det for seint å gjere noko? Kanskje er det inngått bindande avtalar?

Det er aldri for seint å snu

Det er aldri for seint å snu, heiter det. Vi treng politikarar som tør sette ned foten. Kanskje fins det ei anna attraktiv tomt utbyggjarane kan få overta i staden?

Det er intens byggjeverksemd i Lervig-området. Stadig fleire flyttar til det som er i ferd med å bli Stavangers beste bydel. Ein by i vekst treng boltreplassar. Siriskjeret-parken er ein slik boltreplass. Men det trengs politikarar med vyar for å skaffe Stavanger ein park med utsikt.